Status for næringslivet i Innlandet

Korleis står det eigentleg til med næringslivet i Innlandet? 

To personer med hjelm og gule jakker som står ved en datamaskin i en produksjonsbedrift. - Klikk for stort bilde Mostphotos

Agenda Innlandet har nyleg blitt arrangert, og nye tal frå det fylkesfordelte nasjonalrekneskapen er publiserte. Det gir eit godt høve til å ta ei «vareteljing» av næringslivet i fylket.

Samla sett teiknar tala eit bilete av eit Innlandet med moderat vekst, stabil sysselsetjing og høg etableringsaktivitet, og framgang innafor eksport og innovasjon. 

Verdiskaping

Statistisk sentralbyrå publiserte 4. mars nye tal frå det fylkesfordelte nasjonalrekneskapet. No finst det tal for 2023 fordelte på fylke. Fleire av dei statistiske kjeldene i det endelege nasjonalrekneskapet har relativt lang behandlingstid, noko som igjen gjer at det tek relativt lang tid før det fylkesfordelte nasjonalrekneskapet blir ferdigstilt hos Statistisk sentralbyrå. Dette er eit robust datagrunnlag som gjer det mogleg å samanlikne og forstå økonomisk aktivitet på regionalt nivå og over tid.

Dei nyaste tala viser at Innlandet har hatt svak, men positiv vekst. Volumveksten i bruttoprodukt var 0,6 prosent i Innlandet, medan veksten for Noreg samla var 1,0 prosent. Det betyr at veksten i Innlandet var noko lågare enn landsgjennomsnittet.

Veksten var også litt lågare enn i 2022, då bruttoproduktet i Innlandet auka med 1,1 prosent.

Samanliknar vi Innlandet med andre fylke, ser vi at Vestfold og Telemark hadde ein vekst på 2,4 prosent. Vestland hadde same vekst som Innlandet med 0,6 prosent, medan Nordland hadde ein nedgang på 7,3 prosent.

Målt i løpande prisar utgjorde bruttoproduktet i Innlandet 190,1 milliardar kroner i 2023.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå var norsk økonomi i 2023 prega av høg prisvekst, høge renter og svak innanlandsk etterspurnad. Dette dempa veksten nasjonalt.

Kjelde: SSB.no

Næringsstruktur

Næringslivet i Innlandet består av 48 243 verksemder. Det tilsvara om lag 7 prosent av alle verksemder i Noreg.

Den største næringa målt i tal verksemder er jordbruk, skogbruk og fiske. Deretter kjem byggje- og anleggsverksemd og varehandel.

Fire av fem verksemder i Innlandet har færre enn fem tilsette . Samstundes har talet på verksemder med tilsette gått ned med om lag 300 sidan 2023. Mindre enn 1 prosent av verksemdene har meir enn 100 tilsette.

69 prosent av dei registrerte verksemdene i Innlandet har ingen tilsette. Det er omtrent på same nivå som landsgjennomsnittet på 68 prosent. Fylket i Noreg med høgast del verksemder utan tilsette er Oslo, der 72 prosent av verksemdene ikkje har tilsette.

I 2025 vart det registrert 3 165 nye verksemder i Innlandet. Av desse var 976 aksjeselskap.

Den største veksten i nye aksjeselskap kom innan:

  • byggje- og anleggsverksemd
  • fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting
  • transport og lagring

 

Stabil etableringsaktivitet

Tal frå Brønnøysundregistrene viser at det vart registrert 5 290 nye føretak i Innlandet i 2025. Det er ein liten auke frå 5 158 i 2024.

Etableringstakten har vore stabil dei siste fem åra, med mellom 5 100 og 5 700 nye føretak kvart år.

Dette tyder på at gründerar og småbedrifter held aktiviteten oppe, sjølv i ei tid med høgare renter og aukande kostnader.

Konkursar

Innlandet hadde 53 konkursar i fjerde kvartal 2025. Det utgjorde om lag 5 prosent av alle konkursar i Noreg i perioden.

I same kvartal i 2024 var det 51 konkursar i Innlandet, som tilsvarte rundt 4 prosent av konkursane nasjonalt. Tala tyder på at konkursnivået i fylket har vore relativt stabilt, men at Innlandet sin del av konkursane i landet har auka noko.

Samstundes står Innlandet for over 7 prosent av alle registrerte verksemder i Noreg. Dermed er delen konkursar i Innlandet noko lågare enn det delen registrerte verksemder skulle tilseie.

Stabil sysselsetjing

Dei registerbaserte sysselsetjingstala viser at det var 183 947 sysselsette i Innlandet i alderen 15–74 år i fjerde kvartal 2025, dersom ein ser på sysselsetjing etter bustad. Dette var ein nedgang på i overkant av 200 personar frå året før. Det utgjer ein svak nedgang på rundt 0,12 prosent.

Til samanlikning var det nasjonalt ein vekst på om lag 0,33 prosent.

Nokre næringar hadde likevel vekst i talet på sysselsette i Innlandet:

  • forretningsmessig tenesteyting: 3,1 prosent
  • offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring: 2,2 prosent
  • personleg tenesteyting: 2,0 prosent
  • helse- og sosialtenester: 0,8 prosent

Helse- og omsorgstenestene er framleis den klart største sektoren i Innlandet og sysselset over 24 prosent av lønnstakarane.

Pendling og befolkningsutvikling

Av dei sysselsette i Innlandet har 174 339 arbeidsstad i fylket. I fjerde kvartal 2025 pendla 10 903 personar inn til Innlandet for å arbeide, medan 20 512 pendla ut av fylket.

Innlandet hadde 379 488 innbyggjarar i 2025. Det er ein auke på 1 932 personar frå året før. Folketalsveksten er dermed større enn året før og på nivå med landsgjennomsnittet.

Samtidig viser framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå at talet på personar i arbeidsfør alder kan bli redusert på lengre sikt. Hovudalternativet til SSB anslår ein nedgang på 1,9 prosent i aldersgruppa 20–66 år fram mot 2040.

Låg arbeidsløyse, men behov for kompetanse

Tal frå NAV viser at 3 712 personar var heilt arbeidsledige i Innlandet ved utgangen av februar 2026. Det tilsvara 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Landsgjennomsnittet var til samanlikning 2,2 prosent.

I NAV si bedriftsundersøking melder arbeidsgivarar om mangel på faglært arbeidskraft, særleg innan bygg og anlegg, industri, helse og tekniske yrke. Undersøkinga anslår at bedrifter i Innlandet mangla om lag 2 770 arbeidstakarar i 2025.

Samtidig melder 58 prosent av medlemsbedriftene til Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) i Innlandet om udekte kompetansebehov. Blant desse bedriftene er behovet for fagkompetanse størst innan handverksfag, ingeniør- og tekniske fag, samt IKT.

Sysselsetjinga blant nyutdanna fagarbeidarar i Innlandet er stabilt høg. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 86 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2023 og 2024, er i arbeid eitt år etter fullført utdanning.

I tillegg går nesten 10 prosent vidare til meir utdanning. Berre 3,8 prosent står utanfor både arbeid og utdanning. Det er den lågaste delen i landet. Dette tyder på at godt samarbeid mellom skule, arbeidsliv og opplæringsaktørar i Innlandet gir resultat.

Vekst i eksport

Innlandet har den lågaste eksportverdien per sysselsett i landet. Ifølgje Menon Economics var eksportverdien 188 000 kroner per sysselsett.

Den relativt låge eksportverdien heng mellom anna saman med næringsstrukturen i fylket, der landbruk, skogbruk og småskala industri står sterkt.

Samtidig viser Eksportmeldingen 2025 at Innlandet har hatt den sterkaste eksportveksten dei siste ti åra, dersom ein ser bort frå dei nordlegaste fylka.

Eksporten frå Innlandet har i gjennomsnitt vakse med om lag 9 prosent per år det siste tiåret.

Innlandet ligg under både Noreg og EU på nokre innovasjonsindikatorar. Dette gjeld mellom anna:

  • investeringar i forsking og utvikling i næringslivet
  • arbeidsproduktivitet
  • delen tilsette i innovative verksemder

Dette kjem fram i samanlikningar frå Regional Innovation Scoreboard.

Samtidig har Innlandet styrkar innan mellom anna

  • samarbeid mellom små og mellomstore bedrifter
  • digitalisering 
  • livslang læring

Over tid har dessutan Innlandet auka si innovasjonsevne, i følgje Regional Innovation Score Board. Innlandet er no klassifisert som ein innovasjonsregion. 

Kjelde: Menon Economics

Det overordna biletet

Samla sett viser tala eit næringsliv i Innlandet med stabil aktivitet og moderat vekst. Verdiskapinga aukar svakt, sysselsetjinga er relativt stabil, og etableringsaktiviteten held seg høg.

Samtidig peikar fleire indikatorar på strukturelle utfordringar. Dette gjeld særleg tilgang på kompetanse, og låg eksportverdi per sysselsett.

Næringslivet i Innlandet består i stor grad av små og mellomstore bedrifter. Utviklinga framover vil derfor vere tett knytt til rammevilkår, tilgang på arbeidskraft og utviklinga i etterspurnaden i regionen.

Les meir om næringslivet i Innlandet på Innlandsstatistikks temaside